ViteMeir søkjer sommarvertar og assistentar til sommarskulen

Vil du vere med å skape spennande innhald og gode opplevingar på ViteMeir?

Me er ute etter gode medarbeidarar som kan møte gjestane og sommarskuledeltakarane våre med eit smil. Er du imøtekommende og glad i god service? Er du også nysgjerrig og glad i å lære nye ting? Då kan dette vere ein interessant jobb for deg :)

Kven er du:

  • Serviceinnstilt, utadvendt og har godt humør

  • Nysgjerrig og lærevillig

  • Gjerne interessert i realfag og teknologi

  • Likar å jobbe med born og unge

Arbeidsoppgåver:

  • Skape og gjennomføre spennande innhald for fritidsgjestane våre

  • Gjennomføre bursdagsfeiring, teambuilding, vitenshow og andre arrangement (sommarvert)

  • Betjene resepsjon/butikk (sommarvert)

  • Bidra til å halde senteret presentabelt for gjestane våre

  • Vera assistent saman med ein av formidlarane våre og gjennomføre ulike tema på sommarskulen i og utanfor senteret (assistent sommarskule)

Arbeidstid:

Sommarvert: etter avtale. Sommarferien er frå veke 26-33 og sommarvertstillinga dekker deler av denne. ViteMeir har ope kvar dag gjennom ferien frå 10.00-17.00. Kan bli muligheit for deltidsjobb etter sommaren også.

Assistent sommarskule: etter avtale. Sommarskulen er i veke 26 og 27, 32 og 33.

Me tilbyr:

  • Ein unik sjanse til å vera med å forme og utvikle innhald for fritidsmarknaden

  • Kreativt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver

  • Lønn etter tariff

  • Ei god moglegheit til å bygge CV

Søknadsfrist: 1. mars

Oppstart: etter avtale

Send ein søknad med CV til jobb@vitemeir.no. Skriv om du søkjer på sommarvert-, assistentstillinga eller begge deler.

Har du spørsmål om stillinga?

Sommarvert: Ta kontakt med Heidi Breili Bøthun, hbb@vitemeir.no, 970 99 452.

Assistent sommarskule: Ta kontakt med Åse Neraas, aan@vitemeir.no, 917 64 903

JobbHeidi Breili Bøthun