Det er noko magisk med jula. Når granskogen rundt oss blir dekka av snø og alle hus i nabolaget lyser opp med små blinkande julelys.
På ViteMeir ønskjer me å skape førjulsstemning for gjestene våre og kanskje ein ny juletradisjon. Frå slutten av november og ut desember vil du kunne ta ein tur gjennom juletreskogen og pepperkakebygda som står i 3. etasje i utstillinga vår. Bygda blir kvart år fylt med kortreiste pepperkakekreasjonar frå partnarar, skular og barnehagar.
Pepperkakebygda held ope i ViteMeir sine opningstider og berre frå slutten av november og ut desember.
Velkommen til eit magisk lite juleøyeblikk i utstillinga vår!
Partnarar