Luster kommune og Luster Sparebank er med vidare!
Luster kommune har teikna ny bruksavtale med ViteMeir for dei neste tre skuleåra, og Luster Sparebank sørger for den naudsynte transporten. «Dette er heilt avgjerande for at borna frå Luster skal få sin del av samfunnsutbytet», seier formidlingsleiar ved ViteMeir, Åse Neraas.
Etter snart tre skuleår der borna frå Luster kommune har fått utforska vitensenteret og delteke på læringsopplegg med dyktige formidlarar, har Luster kommune teikna ny avtale for dei neste tre skuleåra. Denne sikrar at alle elevane kommunen får besøke ViteMeir minimum éin gong per skuleår. Avtalen har i tillegg rom for at dei eldste borna i barnehagen får komme på besøk, og opnar opp for sommarskule i regi av ViteMeir i Luster kommune.
Langvarige avtalar med kommunane er viktige av fleire årsaker. Dei bidreg til føreseieleg drift, men først og fremst er det desse avtalane som sikrar at borna i kommunane rundt oss får ta del i samfunnsutbytet som me skapar.
“ViteMeir er ein viktig del av opplæringstilbodet for elevane i Lustraskulen. Å ha eit slikt tilbod regionalt gjer opplæringa rikare, meir variert og praktisk,” seier Knut Åge Teigen, kommunalsjef for oppvekst i Luster kommune.
Luster Sparebank har òg teikna ny partnaravtale med ViteMeir, og vil gjennom den fullfinansiere transporten til og frå vitensenteret for Luster kommune.
“Luster Sparebank ynskjer å bidra til å gjere det enno litt betre å bu og leve i lokalsamfunna me er ein del av. Å ha eit vitensenter i regionen vår som eit tilbod til både elevar og andre innbyggjarar er med på å bidra til dette, i tillegg til at det er eit attraktivt tilbod for besøkande til regionen vår. Som lokalbank er det difor spesielt kjekt å vere med å supplere det gode opplæringstilbodet på skulane i Luster kommune med å bidra til at elevane kan besøke ViteMeir. ViteMeir gir elevane inspirasjon gjennom å tilby variert og leikande læring, noko me veit at elevane set stor pris på,” seier Jermund Lien Molland, banksjef i Luster Sparebank.
«Bussutgiftene er ein monaleg del av kostnaden knytt til bruken av ViteMeir, så det at Luster Sparebank er såpass rause med transportstøtte er kommunen særs takksame for.
Sponsinga frå sparebanken bidreg til at me kan halda oppe eit aktivitetsnivå der alle elevar i Lustraskulen får eit besøk i året på ViteMeir, noko som er både kjekt og lærerikt.» avsluttar Knut Åge Teigen.