Har du ein oppfinnar i magen? Har du lyst til å lære deg å kode, 3D-printe, laserkutte, lodde og reparere ting? På ViteMeir kan du lære deg alt dette og mykje meir i Sygnir Reodorklubb!
Sygnir Reodorklubb har samling onsdagar frå 17.00-19.00 på ViteMeir. Tilbodet er for born og unge frå 5.-10. klasse. Klubben held open frå september til mai. Medlemskontigent er på 250 kr og varer ut skuleåret.
Sosial gaming
Frå 2024 vil Sygnir Reodorklubb teste ut sosial gaming som eit prøveprosjekt. Annakvar samling vert det gamingturneringar og anna gøy med fokus på det sosiale. ViteMeir stiller med utstyret som trengs.
Anna info:
Har du spørsmål eller innspel? Send dei på e-post til enk@vitemeir.no eller auv@vitemeir.no
Sygnir Reodorklubb brukar Spond til påmelding og kommunikasjon. Gruppekode for Sygnir Reodorklubb er «AWMII». Nokre arrangement kan ha begrensa antall deltakarar.
Årsavgifta er på 250 kr, og gjeld skuleåret 2024-2025. Betalast i resepsjon ved første frammøte.