FUS
FUS Kaupanger er ein del av kontorfellesskapet FUS Sogn som har kontorfellesskap på fleire lokasjonar i regionen vår.
Spørsmål om FUS og bestilling av fast plass kan rettast til leiar for sal og marknad, Heidi Breili Bøthun eller ved å sende ein e-post til post@vitemeir.no
Eit godt tips, om du har eit møte på Kaupanger, er å bestille dagplass på FUS ViteMeir. Då får du nytta arbeidsdagen best mogleg, og du kan bygge nettverk med dei andre som sitter der.
Inkludert i leigeavtalen er fri tilgang på kaffi, trådlaust internett, møterom*,
resepsjonsteneste og adgangskontroll, tilgang til kaféarealet, felleskostnadar (drift/vedlikehald), reinhald, og eventuelt posthandtering og varemottak etter nærare avtale.
* Møterom er inkludert i leiga når dette gjeld korte møter. Bruk av møterom til gjennomføring av
mellom anna kurs og samlingar må bestillast og vert fakturert, med rabatt.