Nyopning og energiutstilling på ViteMeir

Utstillinga i 1. etg. er i endring.

1.etg. på ViteMeir kjem frå 16. september til å vera temasone for energi. Gjennom nye og interaktive installasjonar kan besøkande leike seg fram til ny kunnskap om energi. Korleis lagar ein eigentleg straum? Og korleis når straumen fram til meg og deg? Å læra ved å gjera er essensen i alt innhaldet vårt på vitensenteret og den nye energiutstillinga er ikkje noko unntak. Nokre av installasjonane ein kan utforske handlar om tema som; straumnettet, energikrevjande industri som drivkraft i samfunnsutviklinga i regionen, lagring av energi og personleg forbruk av energi.  

«Bidra til å løyse dagens og framtidas energiutfordringar ved å spreie kunnskap om og interesse for energi som fagfelt »

Samfunnet står overfor store utfordringar knytt til eit stadig aukande behov for energi. Om etterspurnaden skal møtast utan at det får enorme konsekvensar for klima og miljø, må framtida sine energiløysingar vere meir berekraftige enn det som i hovudsak blir brukt i dag. Det er dagens born og unge som skal utvikle framtidas løysingar. Derfor er det ekstra viktig å kunne formidle kunnskap om dette temaet til akkurat denne målgruppa. Hovudmålgruppa for utstillinga er ungdom frå 12-14 år, men den vil òg innehalde noko både for dei yngre og dei eldre. I tillegg til installasjonane  i utstillinga har vår eigen formidlar ViteVero utvikla eit heilt nytt og energisk «Energi-Vitenshow». Gjennom dette formidlar me kunnskap om energi på ein underhaldande måte. Det vil òg bli utvikla nye læringsopplegg for elevar knytt til utstillinga. 

    

Vitensenter i utvikling 

Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS opna dørene for publikum 11. november i 2021. Sidan då har nesten 60 000 besøkande vore innom senteret. Det første året hadde me ein vandreutstilling i 1.etasje. Denne vart sendt vidare til Vitensenter Nordland hausten 2022. Sidan då har me utvikla nytt innhald for å fylle senteret med andre kjekke installasjonar. Eit vitensenter må vera i stadig utvikling, likevel er dette truleg det største enkeltståande utviklingsprosjektet ViteMeir kjem til å gjennomføre i utstillinga på lang tid. Nesten heile 1. etg. blir ny, men frykt ikkje, favorittane byggeplassen, vasskraftverket og lastebilen blir ståande.  

«I utviklingsprosessen har me sikta oss inn på tema som me meiner er relevante i gjestene våre sin kvardag, og som kan vera nyttig å vite meir om»

«Visjonen til den nye utstillinga er å bidra til å løyse dagens og framtidas energiutfordringar ved å spreie kunnskap om og interesse for energi som fagfelt. I utviklingsprosessen har me sikta oss inn på tema som me meiner er relevante i gjestene våre sin kvardag, og som kan vera nyttig å vite meir om. Me håpar at utstillinga bidreg til å skape ei interesse både for energi som fagfelt og for behovet me har for å finne nye og berekraftige løysingar på dagens utfordringar», seier Marit Haugan Hove, Leiar for administrasjon og utvikling på ViteMeir. 

  

Lokalt samarbeid 

Heile 13 ulike aktørar har bidrege til at me snart kan opne «Energi-sona» på ViteMeir. ViteMeir vil rette ei stor takk til Vestland fylkeskommune, Sognekraft, Hydro, Elkem, Sparebanken Sogn og Fjordane, Statkraft, Sparebanken Vest, Toyota Sogn, Høgskulen på Vestlandet, Sogn og Fjordane Energi, Hafslund Eco, Okken Kraft og Aurland Energiverk.  

 «Me håpar utstillinga inspirerer og engasjerer born og ungdom til å løyse dagens og framtidas energiutfordringar»

Bidrag frå eksterne har vore avgjerande for realisering av prosjektet, både når det gjeld fagkunnskap frå kraft- og energibransjen, men ikkje minst finansielt. «Som drivkraft i Sogn, har det vore heilt naturleg å bidra til etablering og utvikling av energiutstillinga ved ViteMeir», seier Miriam Høyheim Lægreid på vegne av Sognekraft. «Utstillinga formidlar grunnleggande og viktig kunnskap om det fornybare energisystemet der regionen vår har ei avgjerande rolle. Me håpar utstillinga inspirerer og engasjerer born og ungdom til å løyse dagens og framtidas energiutfordring», avsluttar ho.

Etter nesten to år med planlegging og utvikling kan me endeleg sei at me nærmar oss opning av energiutstillinga. Omtrent alle installasjonane er utvikla av oss, saman med dyktige fagpersonar og leverandørar. Det er 185 kvm som skal fyllast og i prosessen ligg alt frå val av tema, til design og utvikling, innhenting av fagleg innhald, testing, finansiering og fysisk bygging. Dette hadde ikkje vore mogleg utan godt samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv, samt eit nært samarbeid med fagpersonar på HVL.  

 

Heidi Breili Bøthun