Sparebanken Vest støttar ny energiutstilling

Dei ansatte i Sparebanken Vest er stolte av å jobbe i ein bank der deler av utbytte går tilbake til regionen

Sparebanken Vest støttar ViteMeir med 350.000 kr til ny energiutstilling!

Denne tildelinga frå SPV er eit viktig bidrag til vårt arbeid med å inspirere dagens born og unge til å bli gode endringsagentar og løyse utfordringane som me veit at kjem

“I lys av klimakrisa og energiutfordringane me ser i dag, er kunnskap om fornybar energi og framtidas utfordringar noko av det viktigaste me kan formidla til dagens skuleelevar”, seier Marit Haugan Hove, leiar for administrasjon og utvikling. “Denne tildelinga frå SPV er eit viktig bidrag til vårt arbeid med å inspirere dagens born og unge til å bli gode endringsagentar og løyse utfordringane som me veit at kjem”, avsluttar ho.

I samband med overrekkinga nytta dei moglegheita til å ha teambuilding med mat og omvisning!


ViteMeir takkar så mykje for støtta frå Sparebanken Vest og gler oss til å vise resultatet når den nye utstillinga er klar!

Heidi Breili Bøthun